
Avatar!
20/12/2009Eg var nettopp ute å såg Avatar, eg må sei det er den beste filmen eg har sett på lenge! Eg såg den i 3-D, og det er utrulig ka realistisk det virka! Det er direktøren av Titanic som har produsert den, det seiast å vere den dyraste filmen som noken gang er blitt laga, $300 mill.! Det er bare enabsolutt må-sjå-film, viss den er tilgjengelig i 3-D, så anbefalast det på det høgste!
Trur ikkje eg skal sei for masse om handlinga, eg hadde bare sett traileren for ei stond sida og huska egentlig ikkje så mykje meir om den enn krig og blå aliens, men den er så mykje meir! Det handlar om Jake, tvillingbroren hanna døde, men han hadde og vert med i et prosjekt som gikk ut på å bytte kropp. Forskerane har laga til en kropp med dna-et til broren til Jake, men sida dei var identiske tvillinga så har Jake det samme dna-et.
Handlinga går føre seg i 2154 på Pandora, som er planeten dissa “blå folka” kalt Na’vi bur på, men og der menneske har oppretta en militærbase. Grunnen til at dei i det heile tatt er der pga en type stein, 1 kg er verdt $20 milliona, eg vil ikkje ødelegge heile plottet da, men pga den steinen så drive menneskene å kriga med Na’viane for dei vil ikkje flytte seg. No prøva dei altså andre metoda, og får Jake infiltrert i “gjengen”. Filmen er rett og slett super, den inneholde akkurat passe av alt, action, drama, litt romantikk og selfølgelig sci-fi. Filmen er en sci-fi film, men det heile er så virkelig at en ikkje heilt legge merke til det, der er selfølgelig masse ny kul teknologi og sånn, men det virka bare som en naturlig del av filmen. Na’viane har og et eget språk og en egen måte å tenke på, en egen “religion” om du vil. Filmen minne meg liksom litt om indianarane, måten dei blei behandla på av amerikanarane. Det er, når eg tenke meg om, slåandes likt! Animasjonen i filmen er og heilt nydelig, fra dei raraste skapningar til dei nydeligste blomstar og tre. Na’viane er og et stort pluss, en tenke ikkje over at dei er animert, det blir bare naturlig. Det er heilt verdt dei 3 timane den tar, uten tvil!